Топ-100
Back

ⓘ Linda Eide er ein norsk journalist, forfattar og kåsør frå Voss som er tilsett i NRK, der ho mellom anna har vore programleiar for programmet Norsk attraksjon. ..




Linda Eide
                                     

ⓘ Linda Eide

Linda Eide er ein norsk journalist, forfattar og kåsør frå Voss som er tilsett i NRK, der ho mellom anna har vore programleiar for programmet Norsk attraksjon.

Linda Eide var 19 år då ho byrja på Norsk Journalisthøgskule i 1988, og desidert yngst på kullet. Vidare studerte ho litteraturvitskap ved NTNU i 1996. Sidan 1990 har ho vore programmedarbeidar i fleire avdelingar i NRK, mellom anna i NRK P3 sidan opninga i 1993, i Norgesglasset på NRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet.

I 2006 var ho den fyrste som fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. I 2008 fekk ho Dialektprisen frå Norsk Målungdom. Det same året fekk ho òg sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening for det langvarige engasjementet sitt for sykkelen som framkomstmiddel, noko som mellom anna har manifestert seg i dokumentaren Døden Bak Styret som vart send på NRK i 2005, og som vann Bergen journalistlag sin Gullparaply same året. I 2015 vart Eide programleiar for Smæsj, der ho leitar etter opphavet til ulike idrettar.

                                     

1. Bibliografi

  • 2004 – Radioradio: lyd i journalistikk Oslo: Samlaget, saman med Lars Nyre
  • 2009 – Norsk attraksjon: guiden til det du ikkje finn i guideboka Oslo: NRK, saman med Kristin Helgeland Hauge
  • 2000 – Då gamlemor baka seg i hel: moderne skillingsdikt Bergen/Oslo: Alma mater NRK P1
  • 2003 – Kvardagstraume i utval Oslo: Samlaget
  • 2012 – "Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar" Spartacus