Топ-100
Back

ⓘ Oddleif Fagerheim var ein norsk arbeidarpartipolitikar frå Dale i Sunnfjord. Fagerheim var fødd i Ytre Holmedal, no Fjaler kommune, i Sogn og Fjordane. Foreldra ..




                                     

ⓘ Oddleif Fagerheim

Oddleif Fagerheim var ein norsk arbeidarpartipolitikar frå Dale i Sunnfjord.

Fagerheim var fødd i Ytre Holmedal, no Fjaler kommune, i Sogn og Fjordane. Foreldra hans var skulestyraren og ordføraren Ragnvald Fagerheim 1883-1961 og Oddborg Hyllset (1883-1967. Han utdanna seg som lærar.

Oddleif Fagerheim var varaordførar i Fjaler frå 1966 til 1967.

Han vart vald som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane i 1969. I periodane 1950–1953 og 1958–1961 var han vararepresentant. Han blei sitjande på Stortinget i tolv år, til 1981.