Топ-100
Back

ⓘ Erling Lars Dale var ein norsk professor i pedagogikk ved Pedagogisk Forskningsinstitutt ved Universitetet i Oslo. Dale var frå Ulvik herad i Hardanger. Dale to ..




                                     

ⓘ Erling Lars Dale

Erling Lars Dale var ein norsk professor i pedagogikk ved Pedagogisk Forskningsinstitutt ved Universitetet i Oslo. Dale var frå Ulvik herad i Hardanger.

Dale tok magistergraden i pedagogikk i 1974 og vart tilslutta instituttet i 1976, tok doktorgrad i 1987 og vart professor i 1995. Han var særleg oppteken av didaktikk, pedagogiske grunnlagsproblem, skuleutvikling og -vurdering, lærarrolla og yrkesetikk. Ei tid var han amanuensis og fyrsteamanuensis i sosialpedagogikk ved UiO.

Han skreiv ei rekkje bøker om faget sitt. Den fyrste, Pedagogikk og samfunnsforandring, er frå 1972. Seinare skreiv mellom anna De strategiske pedagoger – pedagogikkens vitenskapshistorie i Norge 1999, Rom for alle, blikk for den enkelte 2004 og Vurdering og læring i en elevaktiv skole 2006.

Dale døydde på Kongsvinger.

                                     

1. Kjelder

  • Knut Olav Åmås: "Dale, Erling Lars" i Hvem er hvem? Aschehoug, 2008.
  • "Erling Lars Dale" på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. januar 2010.
                                     

2. Bakgrunnsstoff

  • Publikasjonar av Erling Lars Dale i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
  • Bibliografi hjå Bibsys
  • Presentasjon ved UiO
  • Heimstad frå SNL-artikkel om Dale.