Топ-100
Back

ⓘ Hans Nansen. Hans Leierdahl Nansen var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Nansen var fødd i Vik i Sogn, der far hans var sorenskrivar. Han voks opp i Danmar ..




Hans Nansen
                                     

ⓘ Hans Nansen

Hans Leierdahl Nansen var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Nansen var fødd i Vik i Sogn, der far hans var sorenskrivar. Han voks opp i Danmark, vart student i Roskilde i 1784. Deretter vart han i to omgangar, 1789 og 1794, cand. jur. Perioden 1789-97 var han volontør i rentekammeret. Frå 1797 til 1803 var han birkedommar i Fredriksverk og Halsnæs på Sjælland.

Nansen kom til Noreg i 1809, då han vart sorenskrivar i Gauldal. Fire år seinare fekk han tilsvarande embete for Jæren og Dalane, busette seg då i Eigersund.

I 1814 vart Nansen vald til 1. representant for Stavanger amt til det overordentlege storting. Han var då medlem av Lagtinget, og av komiteen om redigeringa av grunnlova og om Mossekonvensjonen. Nansen var stortingsrepresentant også i 1815-16 og på ny i 1821. På stortinget 1815-16 var han president i Lagtinget og medlem av 17 komitear. Som medlem av Lagtinget var han medlem av riksretten mot Haxthausen. I 1821 var han medlem av 14 komitear.

Han døydde i Kristiania under stortingsopphaldet i 1821. Nansen var farfar til Fridtjof Nansen.