Топ-100
Back

ⓘ Ingvild Bryn er ein norsk journalist og programleiar frå Voss. Ho er særleg kjend som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK. Saman med Morten Harket var ho programlei ..




                                     

ⓘ Ingvild Bryn

Ingvild Bryn er ein norsk journalist og programleiar frå Voss. Ho er særleg kjend som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK. Saman med Morten Harket var ho programleiar for Eurovision Song Contest 1996.

                                     

1. Liv og virke

Ingvild Bryn jobba i lokalavisa Horda Tidend eitt år etter Voss gymnas. Ho er cand.mag. med nordisk grunnfag, media og kommunikasjon ved Høgskulen i Volda og statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Bryn byrja i NRK i 1984. Ho arbeidde først eitt år i NRK Hordaland, deretter i NRK Dagsnytt radio, og i 1990–1992 var ho korrespondent i Stockholm. Ho vart programleiar i Dagsrevyen i 1992. Mellom 1995 og 1999 var ho korrespondent i USA. Ho har hatt ei rekkje ulike oppdrag for NRK. Saman med Morten Harket var ho programleiar for Eurovision Song Contest 1996.

Ho var styreleiar for Mediemållaget i 1988–1990 og styremedlem i 2004–2010. I tillegg sit ho i styret for adopsjon- og fadderskapsforeininga Verdens Barn.