Топ-100
Back

ⓘ Nils L. Landmark var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Andreas Landmark var ein eldre bror. Landmark var fødd i Christiania, faren var ein kunstvevar innva ..




Nils L. Landmark
                                     

ⓘ Nils L. Landmark

Nils L. Landmark var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Andreas Landmark var ein eldre bror.

Landmark var fødd i Christiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Sverige. Sjølv vart han for ein stor del oppfostra hos sorenskrivaren J.D. Stub i Nordfjord. Han tok i 1797 juridisk eksamen i morsmålet i København. Deretter styrte han embetsforretningane til sorenskrivar Stub i Nordfjord til denne døydde i 1802. 1808 vart han utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han allereie hadde styrt ei tid. si lange embetstid, han tok avskjed i 1852, verka han for fremjing av landbruket. Sin eigen gard, Tysse i Holmedal, dreiv han som eit mønsterbruk med treplanting, fruktdyrking og oppdyrking av myr.

Landmark var 2. representant frå Nordre Bergenhus på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han sekretær i Stortinget og visesekretær i Odelstinget. Han var medlem av 15 komitear, formann i to av dei og sekretær i fem andre. Mellom anna var han formann i komiteen om utskiftingslova og sekretær i redaksjonskomiteen og i komiteane om tukthus i Nordlands amt, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet. På omframstortinget 1822 var han sekretær i både Stortinget og i redaksjonskomiteen, dessutan medlem av komiteen om skatterestansar og om slottsbygninga.

                                     

1. Gardsdagbøker

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har digitalisert dagbøkene Nils Landmark skreiv om gardsdrifta på Tysse, og publisert dei på heimesida. Dagbøkene dekkjer åra 1813-1842, og dei ligg også tilgjengeleg på Arkivportalen.

                                     

2. Bibliografi

Bøker

  • "Nils Landmark: Dag Journal paa Tøsse 1813-1822, Nils Landmark: Dagbog paa Tysse 1823-1834, Nils Landmark: Dagbog 1835-1835, Nils Landmark: Dagbog paa Tysse 1836-1841, Nils Landmark: Dagbog 1842-1842". Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Henta 28.4.2016.
                                     

3. Bakgrunnsstoff

  • Landmark, Nils Arkiv frå Arkivportalen
  • Om Nils Landmark i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
  • "Nils L. Landmark". Allkunne: levande leksikon. Henta 22.4.2016.
  • Gravminner
  • Biografisk informasjon om Nils L. Landmark NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv