Топ-100
Back

ⓘ Arne Arnesen var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, opphavleg frå Uskedalen i Kvinnherad. Arnesen var son av ein gardbrukar og landhandlar i Kvinnherad. I ung ..




                                     

ⓘ Arne Arnesen

Arne Arnesen var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, opphavleg frå Uskedalen i Kvinnherad.

Arnesen var son av ein gardbrukar og landhandlar i Kvinnherad. I unge år var han tilsett på faren sin landhandel, tok i 1865 til i forretninga til Edvard Grieg i Bergen. Nokre år etter etablerte Arnesen seg som skipshandlar med eige handelshus i Bergen. I 1877 flytta han til Kristiansund der han dreiv skipshandel og handla med sild og fisk.

Arnesen var medlem av bystyret i Kristiansund i 22 år, nokre år ordførar og varaordførar. Han hadde også andre tillitsverv i Kristiansund, mellom anna var han direktør i Kreditbanken. Arnesen var særleg interessert i fiskeripolitikken, styremedlem i det lokale fiskeriselskapet i 25 år.

Året før Norsk Selskap til Skipbrudnes Redning NSSR vart danna i 1891, hadde Arnesen teke initiativet til eit lokalt basert redningsselskap for Kristiansund og mørekysten. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 organiserte han den fyrste hjelpesendinga dit.

Han vart vald til varamann for Venstre ved stortingsvalet i 1900. Ettersom den valde representanten for Kristiansund døydde, møtte Arnesen fast på Stortinget frå januar 1901. Perioden 1903-06 møtte han for Kristiansund som fast representant. I 1905 røysta han for republikk ved valet av styresett. Arnesen var varamann til Stortinget 1906-09. Han møtte i 1907 frå 1. mai og han vart innkalla på ny i mai 1908. Vel framkomen i Kristiania døydde han den 9. juni 1908.

Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

                                     

1. Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Biografisk informasjon om Arne Arnesen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv