Топ-100
Back

ⓘ Alf Egil Holmelid er ein norsk sivilingeniør og politikar frå Sosialistisk Venstreparti i Vest-Agder fylke. Holmelid er forskingssjef ved Universitetet i Agder, ..




Alf Egil Holmelid
                                     

ⓘ Alf Egil Holmelid

Alf Egil Holmelid er ein norsk sivilingeniør og politikar frå Sosialistisk Venstreparti i Vest-Agder fylke.

Holmelid er forskingssjef ved Universitetet i Agder, der han sidan 1997 har vore tilknytt ingeniør- og økonomiutdanningane. Han har vore medlem av sentralstyret i SV i 10 år og medlem av bystyret i Kristiansand i 16 år. Dessutan er han medlem av Teknologirådet. Ved stortingsvalet 2009 vart Holmelid vald inn på utjamningsmandat for Vest-Agder. Han er medlem av næringskomiteen.

Alf Holmelid er utdanna sivilingeniør innan kybernetikk frå NTNU, med eksamen frå 1973. Han har vore forskingssjef ved forskingsavdelinga til Elkem på Fiskå i Kristiansand, der han arbeidde frå 1975 til 1997. Deretter vart han dekanus ved Fakultet for økonomi ved Høgskolen i Agder.