Топ-100
Back

ⓘ Marianne Aasen er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho hadde sete på Stortinget for Akershus fylke frå 2005 til 2017. Aasen er cand. polit. med hovudfag ..




Marianne Aasen
                                     

ⓘ Marianne Aasen

Marianne Aasen er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho hadde sete på Stortinget for Akershus fylke frå 2005 til 2017.

Aasen er cand. polit. med hovudfag i statsvitskap frå 1994, i tillegg til historie grunnfag og sosialøkonomi mellomfag. Ho arbeidde som journalist for A-pressen frå 1991 til 1995. Frå 1995 til 1996 var ho politisk rådgjevar for Sylvia Brustad.

Frå 1998 til 2000 var Aasen informasjonssjef i Europarørsla. Ho var leiar for Europarørsla i Asker frå 2003 til 2004. I Regjeringa Stoltenberg I, frå 30. mars 2000 til 19. oktober 2001, var Aasen politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet. Ho var politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005. I 2005 vart ho vald inn på Stortinget frå Akershus, og vart seinare vald på nytt i 2009 og 2013.

Ho er busett i Asker og var tidlegare gift med sjakkspelaren Simen Agdestein.