Топ-100
Back

ⓘ Turid Jorunn Thune frå Sygnefest i Gulen kommune er seksjonsoverlækjar ved hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, leiar i Medisinsk mållag og styreleia ..




Turid Jorunn Thune
                                     

ⓘ Turid Jorunn Thune

Turid Jorunn Thune frå Sygnefest i Gulen kommune er seksjonsoverlækjar ved hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, leiar i Medisinsk mållag og styreleiar i Norsk dermatologisk selskap.

                                     

1. Oppvekst og utdanning

Thune blei fødd på Sygnefest i Gulen kommune 1. august 1956. Ho gjekk på realskole i Balestrand og gymnas i Sogndal. Lækjarutdanninga tok ho ved UiB, og ho gjennomførte turnustenesta ved sjukehuset i Kristiansund.