Топ-100
Back

ⓘ Niels Alstrup var ein prest og ordførar frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Alstrup var son av klokkar i Gulen, Anders Furnæs, og vart oppkalla etter bygdas h ..




Niels Alstrup
                                     

ⓘ Niels Alstrup

Niels Alstrup var ein prest og ordførar frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Alstrup var son av klokkar i Gulen, Anders Furnæs, og vart oppkalla etter bygdas høgt akta sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl. Niels Alstrup byrja på prestestudiet i 1843 og avlagde teologieksamen i 1850. I perioden 1852–53 sat han som ordførar i Gulen, før han flytta til Bergen.

Ivar Aasen oppheldt seg åtte veker i Eivindvik i 1843 i samband med språkstudia. Her stifta han godt venskap med Alstrup som i lengre tid hadde fått undervising av sokneprest Dahl. Alstrup hadde òg fungert som lærar i lag med faren frå han var 12 år, og aleine frå 15 års alderen. Seinare treftest Alstrup og Aasen fleire gonger hos Alstrup i Christiania.

Alstrup var sokneprest i Namsos frå 1865, seinare i Snåsa. I 1900 var han busett i Bærum, der han døyde seks år seinare.