Топ-100
Back

ⓘ Hallvard Natvik lækjar og motstandsmann. Etter han vart ferdig utdanna lækjar i 1933, var han privarpraktiserande lækjar på Åndalsnes og hadde fleire vikariat s ..




                                     

ⓘ Hallvard Natvik

Hallvard Natvik lækjar og motstandsmann.

Etter han vart ferdig utdanna lækjar i 1933, var han privarpraktiserande lækjar på Åndalsnes og hadde fleire vikariat som distriktslækjar mellom anna i Balestrand 1936, Leikanger 1. halvår 1938 og Selje 2. halvår 1938. I 1935 hadde han ei stilling på EG asyl i Kristiansand. Han var ved Kirurgisk avdeling ved Haukeland sykehus i Bergen frå 1939 til 1940. Han var distriktslækjar i Gulen 1. juli 1940 til 30. juni 1948. Under krigen var han kontaktperson i Gulen i lag med lensmannen. Dei organiserte skyss av Milorg- og Lingefolk så dei kom seg vestover til Shetland.

Hallvard Natvik gjorde stor innsats for å byggje gamleheim i Gulen, og både han og kona hans vart æresmedlemer av Gulen Sanitetslag.