Топ-100
Back

ⓘ Arne Olsson Tonning var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stryn i Nordfjord. Tonning gjekk underoffisersskule og var furer fram til 1863. I 18 ..




                                     

ⓘ Arne Olsson Tonning

Arne Olsson Tonning var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stryn i Nordfjord.

Tonning gjekk underoffisersskule og var furer fram til 1863. I 1860 overtok han farsgarden på Tonnning og dreiv denne til han døydde. Han hadde ei rekke verv og ombod i lokale tiltak. Mellom anna var han ordførar 1864-89, forlikskommissær frå 1872, sparebankkasserar frå 1878, direktør i amtets sitt dampskipsselskap Fylkesbaatane 1880-88.

Tonning var stortingsmann frå 1868 til han døydde i 1892. Han var heile tida medlem av militærkomiteen, sekretær 1874-88 og formann 1889-90 i same. Fast medlem av Lagtinget frå 1879, sekretær 1884-88 og president 1889-92. Elles medlem av valkomiteen 1877-92 og av fullmaktskomiteen 1889-92. Han var medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet i 1883-84. I 1873 var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Tonning døydde 1892 i Kristiania.

                                     

1. Kjelder

  • Biografisk informasjon om Arne Olsson Tonning NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914