Топ-100
Back

ⓘ Martin Hannestad var ein norsk prest og stortingsmann fødd på Voss. Hannestad var son til ein prest. Han var student i 1827 og cand. theol. i 1836. Tida 1829-33 ..




                                     

ⓘ Martin Hannestad

Martin Hannestad var ein norsk prest og stortingsmann fødd på Voss.

Hannestad var son til ein prest. Han var student i 1827 og cand. theol. i 1836. Tida 1829-33 livnærte han seg som huslærar. Frå 1841 var han residerande kapellan i Stod. År 1846 sokneprest i Hvaler, dernest i Idd frå 1856 til 1877. Hannestad var medlem av forlikskommisjonen i både Stod 4 år, Hvaler 10 år og Idd 20 år. Han var ordførar i Stod i tre år og i alle dei ti åra han var på Hvaler.

Hannestad var 1. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget 1854, sekretær i gasje- og pensjonskomiteen. Tre år seinare var han 2. varamann.

Han døydde i Kristiania i 1891.

                                     

1. Kjelder

  • Biografisk informasjon om Martin Hannestad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914