Топ-100
Back

ⓘ Gurid Almenningen var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Almenningen vart fødd på Vossevangen. Ho tok kveldskurs i norsk og rekning i 1910 og var elev ved ..




                                     

ⓘ Gurid Almenningen

Gurid Almenningen var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Almenningen vart fødd på Vossevangen. Ho tok kveldskurs i norsk og rekning i 1910 og var elev ved Voss folkehøgskule 1911–1912. Ho var tilsett i Voss bokhandel 1915–1916, dreiv eiga mote- og broderiforretning på Vossevangen 1916–1920, var heimeverande husmor frå 1920 og noterte butikkprisar på Voss for Statistisk sentralbyrå 1962–1966.

Almenningen var med på å skipa Voss Arbeidarkvinnelag i 1924, og var styremedlem 1924–1932 og formann 1933–1951. Ho var også styremedlem i Hordaland Arbeidarparti 1933–1940 og 1945–1949. Ho var heradsstyrerepresentant på Voss 1947–1951 og hadde ei rekkje offentlege verv i kommunen. Mellom anna var ho ein pådrivar for bygginga av gamleheimen på Voss. Ho var òg frå ungdommen med i fråhaldslosjen "Vossingen - Framsteg".

Almenningen var 2. vararepresentant til Stortinget frå Hordaland 1950–1953 og 1. vararepresentant 1954–1957, og møtte fast for Jakob Martin Pettersen 1953–1955. På Stortinget møtte ho samstundes som Sjur Lindebrække Høgre, som Almenningen var barnepike for i ungdommen, og skal då ha uttala: "Ver snill med han Sjur. Han var slik ein god gut!" Ho vart tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1969.

Faren til Gurid var skomakar på Vossevangen. Ho gifta seg i 1920 med konduktør Knut Almenningen, som òg sat i heradsstyret på Voss for Arbeidarpartiet før krigen.