Топ-100
Back

ⓘ Vegar Gjermundstad. Vegar Heggenes Gjermundstad er ein norsk fotballspelar som i 2011 spelte som midtstoppar for Sogndal i den norske Tippeligaen. Han spelar no ..




Vegar Gjermundstad
                                     

ⓘ Vegar Gjermundstad

Vegar Heggenes Gjermundstad er ein norsk fotballspelar som i 2011 spelte som midtstoppar for Sogndal i den norske Tippeligaen. Han spelar no for Førde Fotball.

Gjermundstad kjem frå Vadheim i Høyanger kommune. Han debuterte for Lyn i Tippeligaen med eit innhopp mot Strømsgodset 19. april 2009. Han etablerte seg som fast midtstoppar for Lyn saman med Mads Dahm i 09-sesongen då Tommy Berntsen var mykje skada og Indriði Sigurðsson blei selt til Viking i august. Gjermundstad tok nivået godt og enda på 17 tippeligakampar i 2009. 7. januar 2010 kunngjorde Lyn at Gjermundstad hadde signert ein kontrakt som batt han til klubben ut 2011. Den første skåringa hans for Lyn kom i 3-2-sigeren over Moss 1. mai 2010. Etter at Lyn gjekk konkurs og Gjermundstad sin kontrakt med klubben dermed blei oppheva, vende han attende til heimfylket og skreiv under for Sogndal i juli 2010. Han blei speleklar for Sogndal frå 1. august.

                                     

1. Kjelder

  • Denne artikkelen er dels basert på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 11. april 2011
  • NRK Sogn og Fjordane - Gjermundstad frå eliteserien til 2. divisjon for Førde
  • Sogndal Fotball sine nettsider