Топ-100
Back

ⓘ Erling Sverdrup var ein norsk statistikar. Han har fått mykje av æra for å ha bygt opp faga matematisk statistikk og det moderne aktuarstudiet i Noreg. ..




                                     

ⓘ Erling Sverdrup

Erling Sverdrup var ein norsk statistikar. Han har fått mykje av æra for å ha bygt opp faga matematisk statistikk og det moderne aktuarstudiet i Noreg.

                                     

1. Biografi

Sverdrup var under heile andre verdskrigen engasjert i chifferteenesta. Han vart beordra til ei rekkje stader verda rundt for å organisere det norske chiffersambandet, og var deretter to og eit halvt år i London. Frå hausten 1944 og til slutten til krigen tenestegjorde han i Finnmark. Han fullførte aktuarembetseksamenen sin hausten 1945.

I 1948 vart Sverdrup vitskapleg assistent ved Forsikringsteknisk Seminar, der utdanninga av aktuarspesifikke fag føregjekk. Han var nokre studieår i USA som stipendiat og tok doktorgraden i 1952. I 1953 vart han utnemnd til professor i forsikringsmatematikk med matematisk statistikk ved Universitetet i Oslo, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon.

Han var æresmedlem av Norsk statistisk forening, og i samband med 70-årsdagen hans vart det utgjeve eit festskrift. Han var òg æresmedlem i Den Norske Aktuarforening, først og fremst for innsatsen sin for utvikling av aktuarfaget og aktuarutdanninga i Noreg. I perioden 1968-1982 var han norsk redaktør av Scandinavian Actuarial Journal.

Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1954 og Det Kgl. Norske Videnskapers Selskap i 1981.