Топ-100
Back

ⓘ Gunnstein Akselberg er ein norsk namnegranskar og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Akselberg er cand.philol. og dr.art. frå Universi ..




Gunnstein Akselberg
                                     

ⓘ Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg er ein norsk namnegranskar og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Akselberg er cand.philol. og dr.art. frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsavhandlinga hans frå 1995 heitte Fenomenologisk dekonstruksjon av det labov-milroyske paradigmet i sosiolingvistikken. Ein analyse av sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune. Han er redaktør for Namn og Nemne, Nordica Bergensia og Målbryting og leiar for prosjektet Talemålsendring i Noreg. I NRK Hordaland har han hatt språkspalta Snakk med oss i over femten år. Han har også skrive ei rad artiklar og bøker om språklege emne.

Akselberg er frå Voss.

                                     

1. Bøker utval

  • 1984 – Veg- og gatenamnleksikon for Vossabygdi
  • 2012 – Frå Bontelabo til Ånuglo: stadnamn i Hordaland
  • 2008 – Ord og uttrykk frå Hordaland
  • 1999 – Norsk referansegrammatikk
                                     

2. Bakgrunnsstoff

  • Publikasjonar av Gunnstein Akselberg i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
  • Om Gunnstein Akselberg på nettstaden til Universitetet i Bergen
  • Gunnstein Akselberg i BIBSYS
  • Digitaliserte bøker av Gunnstein Akselberg i bokhylla.no Nasjonalbiblioteket