Топ-100
Back

ⓘ Bjørn Wiik. Bjørn Håvard Wiik var ein norsk fysikar. Wiik var mellom anna kjend for å ha vore med på påvise den første 3-jet-prosessen, som kan oppfattast som e ..




                                     

ⓘ Bjørn Wiik

Bjørn Håvard Wiik var ein norsk fysikar.

Wiik var mellom anna kjend for å ha vore med på påvise den første 3-jet-prosessen, som kan oppfattast som eit indirekte bevis for at gluonet eksisteret. Gluonet er kraftformidlingsbosonet for sterk vekselverknad.

Han tok doktorgraden sin ved Technische Hochschule Darmstadt i 1965 og var forskar ved Stanford University i USA frå 1964 til 1972. Frå 1972 til 1992 var han seniorforskar ved Deutches Elektronen-Synkroton, DESY i Hamburg. Han vart professor i fysikk i 1981. Frå 1993 til 1999 var han generaldirektør ved DESY og professor ved Universität Hamburg, og professor II ved Universitetet i Bergen.

Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Norges Tekniske Vitenskapsakademi, det polske vitskapsakademiet og American Academy of Arts and Sciences, samt æresdoktor ved Universitetet i Oslo 1997 og æresprofessor ved universitetet i Krakow. Saman med kollegaene Paul Söding, Günter Wolf og Sau Lan Wu fekk han i 1995 den prestisjetunge EPS High Energy and Particle Physics-prisen frå European Physical Society.

Bjørn Wiik budde det meste av livet sitt utanlands. Han omkom ei ulukke heime i hagen sin i Tyskland i 1999.