Топ-100
Back

ⓘ Knut Bergslien. Knut Larsen Bergslien var ein norsk kunstmålar, fødd på Voss. Han måla folkelivsskildringar, portrett og historiske motiv. Måleriet Birkebeinern ..




Knut Bergslien
                                     

ⓘ Knut Bergslien

Knut Larsen Bergslien var ein norsk kunstmålar, fødd på Voss. Han måla folkelivsskildringar, portrett og historiske motiv.

Måleriet Birkebeinerne, med den unge Håkon Håkonsson, er spesielt kjent. Han er representert i Nasjonalgalleriet og måleriet hans, Oscar IIs kroning, heng på slottet i Oslo.

Knud Bergslien utdanna seg i Antwerpen 1844–1852, Paris 1850–1851 og Düsseldorf 1855–1869. Ei tid dreiv han Johan Fredrik Eckersberg sin målarskule i Christiania. Nokre av elevane hans var Christian Skredsvig, Edvard Munch, Harriet Backer, Lauritz Haaland og Halfdan Egedius.

Knud Bergslien var bror til bilethoggaren Brynjulf Bergslien og farbror til kunstmålaren Nils Bergslien.