Топ-100
Back

ⓘ David Bakke. David Olsson Bakke var ein norsk gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord. Bakke var son til Ole Mathiasso ..




David Bakke
                                     

ⓘ David Bakke

David Olsson Bakke var ein norsk gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord.

Bakke var son til Ole Mathiasson Bakke, ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Frå 1897 til 1900 var han styrar av eit Vaardals Teglverk.

Bakke var medlem av heradsstyret i Ytre Holmedal frå 1884 til -88 og i tida 1894-1911. ni av åra var han ordførar. År 1887 var han redaktør av Firda og Sygnafylkets avis. Han var formann i venstreforeininga i amtet, og 5. representant frå Nordre Bergenhus amt til Stortinget 1900-03; medlem av næringskomite nr 1. På ny vald til stortingsrepresentant for 1913-15, då for einmannskrinsen Søndfjord, gjenvald for perioden 1916-18. Han var då medlem av vegkomiteen, formann 1917 og det meste av 1918-sesjonen.