Топ-100
Back

ⓘ Hallvard Kloster. Hallvard Torbjørnsson Kloster var ein utskiftingsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Fjellberg i Hordaland. På Stortinget representerte han ..




                                     

ⓘ Hallvard Kloster

Hallvard Torbjørnsson Kloster var ein utskiftingsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Fjellberg i Hordaland. På Stortinget representerte han Venstre.

Kloster var fødd på eigedomen Halsnøy kloster, der far hans var gardbrukar. Han gjekk folkehøgskule på Halsnøy og vart så i 1871-72 utdanna til utskiftingsmann i Stavanger. Frå 1872 var han utskiftingsassistent til han i 1881 vart utskiftingsformann, heile tida med bustad i Stavanger. Sidan 1890 var han utskiftingsformann i Søndre Bergenhus amt, busette seg då i Årstad herad, der han kjøpte og dreiv garden Ny-Krohnborg. Han var ordførar i Årstad 1902-09 og forlikskommissær frå 1900.

Kloster var 5. representant for Søndre Bergenhus på Stortinget 1898-1900. Han møtte også på Stortinget perioden 1906-09, då som representant for einmannskrinsen Midthordland. I begge tingperiodane var han medlem av landbrukskomiteen. Kloster var elles medlem av kommisjonen som tok vassdragslova opp til revisjon.

Han døydde i Årstad i 1914.