Топ-100
Back

ⓘ Thorstein Wereide. Thorstein Gunnarssøn Wereide var ein norsk fysikar. Han vart dr.philos. i 1913 over diffusjon i løysingar med avhandlinga Sorets fenomæn. Han ..




Thorstein Wereide
                                     

ⓘ Thorstein Wereide

Thorstein Gunnarssøn Wereide var ein norsk fysikar.

Han vart dr.philos. i 1913 over diffusjon i løysingar med avhandlinga Sorets fenomæn. Han studerte 1913–14 teoretisk fysikk i Paris under Jean Baptiste Perrin og Paul Langevin, i 1915–16 i Leipzig og Göttingen og 1920 det etterlatne arbeidet til Kristian Birkeland i Egypt. Frå 1919 til 1952 var han dosent i fysikk ved Universitetet i Oslo. Det publiserte arbeidet hans omhandlar statistisk mekanikk, termodynamikk, strålingsteori og relativitetsteori.

Han var òg ein kjend kunstmålar og har mellom anna gjeve ei større samling måleri til Nordjord folkehøgskule.

Han skreiv saman med hustrua si Sophie Margrethe Wereide, f. Bredsdorff 1880–1967, om parapsykologiske fenomen, og var aktiv i Norsk Selskap for Psykisk Forskning og Norsk Selskap for Parapsykologisk Forskning.