Топ-100
Back

ⓘ Gunnar Berge er ein norsk Arbeidarparti-politikar, statsråd, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet og direktør i Oljedirektoratet. Gunnar Berge va ..




Gunnar Berge
                                     

ⓘ Gunnar Berge

Gunnar Berge er ein norsk Arbeidarparti-politikar, statsråd, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet og direktør i Oljedirektoratet.

Gunnar Berge var industriarbeidar frå 1957 til 1964. Han var lokalpolitikar Stavanger frå 1963. Han var Stortingsrepresentant for Rogaland frå 1969 til 1993.

Han var statsråd for Finansdepartementet frå 1986 til 1989. Han var statsråd for Kommunaldepartementet mellom 1992 og 1996.

Han var parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet si stortingsgruppe 1990–1992. Han var nestleiar i Arbeidarpartiet frå 1989 til 1992.

Gunnar Berge blei tilsett som direktør for Oljedirektoratet i Stavanger i 1990, men tok ikkje til i stillinga før ved årsskiftet 1996-1997, fordi han var først var stortingsrepresentant og deretter kommunal- og arbeidsminister. Den 26. juni 2007 annonserte han at han gjekk av som oljedirektør for å bli styreleiar i det statlege oljeselskapet Petoro.

Gunnar Berge var medlem av Den Norske Nobelkomite i perioden 1997-2002, i 1999 var han nestleiar i komiteen og i 2000-2002 var han leiar.