Топ-100
Back

ⓘ Olav Midttun var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 1934–1940 og 1945–1947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–1945 og 1947–1 ..




Olav Midttun
                                     

ⓘ Olav Midttun

Olav Midttun var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 1934–1940 og 1945–1947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–1945 og 1947–1953.

                                     

1. Riksprogramsjef

Olav Midttun er truleg mest kjend for å ha vore den fyrste riksprogramsjefen i NRK. Han var riksprogramsjef frå 1. januar 1934 til han vart avsett av NS den 28. september 1940. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart Middtun innsett igjen i stillinga, men gjekk av i 1947. Året etter vart det innført ny administrasjonsordning i NRK. Som riksprogramsjef passa han på få inn norsk musikk, og av og til nokre føredrag på nynorsk. Han fekk Melsom-prisen i 1961.

Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv.

                                     

2. Litteratur

  • Midttun, Olav med fleire: Studentmållaget 50 år: 1900 - 30. oktober - 1950., Oslo 1952.
  • Gram, Harald og Steenstrup, Bjørn: Hvem er hvem? 1955, Oslo 1955.
  • Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo!: kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1999. ISBN 82-02-18478-9
  • Midttun, Olav: Mål og menn: utgreidingar og livsskildringar, Oslo 1968.
  • Almenningen, Hoel, Pilskog og Tangen: Studentar i målstrid: Studentmållaget i Oslo 1900-2000, Oslo 2003. ISBN 82-521-5698-3
  • Midttun, Olav: Livsminne, Oslo 1971.