Топ-100
Back

ⓘ Heidi Grande Røys er ein norsk politikar for SV. Røys har bakgrunn som barnehagestyrar og lokalpolitikar i Flora kommune. Ho er utdanna førskulelærar frå Lærerh ..




Heidi Grande Røys
                                     

ⓘ Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys er ein norsk politikar for SV. Røys har bakgrunn som barnehagestyrar og lokalpolitikar i Flora kommune.

Ho er utdanna førskulelærar frå Lærerhøgskolen i Bergen 1986-89. I åra 1989–1996 var ho avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø. Røys har representert SV i formannskapet og bystyret i Flora.

Røys var politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe i 1999 og 2000, og i 2001 vart ho vald inn som stortingsrepresentant for SV frå Sogn og Fjordane. På Stortinget vart ho medlem av Finanskomitéen og Fullmaktskomitéen. I 2005 mista ho mandatet ved stortingsvalet.

17. oktober 2005 vart Heidi Grande Røys utnemnd til statsråd i regjeringa Stoltenberg II som leiar for det nye Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Etter valet i 2009 vart ho erstatta av Rigmor Aasrud som statsråd. Ho vart heller ikkje attvald til Stortinget, og gjekk tilbake til jobben som barnehagestyrar.