Топ-100
Back

ⓘ Lars Sponheim er ein tidlegare norsk politikar og tidlegare leiar av partiet Venstre. Frå 2019 er han fylkesmann i Vestland. Han er òg gardbrukar i Ulvik i Hard ..




Lars Sponheim
                                     

ⓘ Lars Sponheim

Lars Sponheim er ein tidlegare norsk politikar og tidlegare leiar av partiet Venstre. Frå 2019 er han fylkesmann i Vestland. Han er òg gardbrukar i Ulvik i Hardanger i Hordaland fylke. Sponheim er gift og har tre ungar.

Lars Sponheim vart vald inn på Stortinget i 1993, etter å ha lovt i valkampen gå frå Ulvik til Stortinget om han kom inn, noko han gjennomførte. Då hadde Venstre vore utan representasjon i åtte år. Tre år seinare, i 1996 stilte han, som einaste stortingsrepresentant frå partiet, sitt eige kandidatur til leiarvervet på årsmøtet i Venstre. Motkandidaten, den sitjande leiaren Odd Einar Dørum trekte sitt kandidatur, og Sponheim vart vald til leiar i Venstre.

Sponheim var til tider ein omstridd leiar i eige parti, og det vart stilt motkandidatar mot han fleire gonger mellom andre nestleiarane Trine Skei Grande og Olaf Thommessen, som ikkje ønskte å stille. Men etter det gode valresultatet til Venstre i 2005 var Sponheim sin posisjon i partiet sterkare enn nokonsinne. Etter det dårlege resultatet i valet 2009 bestemte Sponheim seg for gå av som partileiar. Seinare same år vart han styreleiar i Norsk Tipping.

I 2010 vart Sponheim utnemnd som fylkesmann i Hordaland. I 2019 vart fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slått samna, og Sponheim vart fylkesmann i Vestland.

I 2004 opna Slottet for at statsrådar kan bli tildelt St. Olavs Orden etter 4 års tenestetid. Lars Sponheim vart då utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

                                     

1. Utdanning

  • 1977: Kalnes jordbruksskule
  • 1981: Cand.agric. agronom på Norges Landbrukshøgskole NHL
  • 1976: Uteksaminert frå vidaregåande skule
  • 1985: Pedagogisk seminar
                                     

2. Yrkeskarriere

  • 2009–: Styreleiar i Norsk Tipping
  • 1981–84: Konsulent i A/S Consults i Ulvik
  • 1992: Rektor på Statens gartnarskule i Hjeltnes
  • 1993: Jordbrukssjef for Ulvik og Granvin herad
  • 1984–88: Lektor på Statens gartnerskule i Hjeltnes
                                     

3. Tillitsverv

  • 1996–2010: Partileiar i Venstre
  • 1990–92: Medlem i sentralstyret i Venstres

Politiske verv

  • 2005–09: Fast stortingsrepresentant for Hordaland fylke
  • 2001–05: Gjenvald til stortinget for Hordaland
  • 1991–93: Medlem i Hordaland fylkesting
  • 1987–91: Ordførar i Ulvik herad
  • 2001–05: Landbruksminister, Regjeringa Bondevik II
  • 1993–01: Fast stortingsrepresentant for Hordaland fylke
  • 1983–87: Medlem i Ulvik formannskap
  • 1997–00: Nærings- og handelsminister, Regjeringa Bondevik I
                                     

4. Bakgrunnsstoff

  • Biografi på Stortinget si heimeside
  • Refser Sponheims støttespillere Aftenposten 16. januar 2004
  • Ydmykelsen ligger nær Bergens Tidende 13. januar 2004
  • Artiklar om leiarstriden
  • –Sponheim-ja kan bety trøbbel TV2 Nettavisen 14. januar 2004
  • Thommessen og Sponheim enige om lederløsning Aftenposten 16. januar 2004
  • Vraker Sponheim VG 13. januar 2004