Топ-100
Back

ⓘ Frank Aarebrot. Frank Henrik Aarebrot var ein norsk statsvitar frå Bergen, og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han var òg professo ..




Frank Aarebrot
                                     

ⓘ Frank Aarebrot

Frank Henrik Aarebrot var ein norsk statsvitar frå Bergen, og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han var òg professor II i demokratiutvikling ved Örebros universitet i Sverige. Han føreleste blant anna ved Institut des Sciences Politiques i Frankrike og ved Humbolt-universitetet i Tyskland. Han har leidd fleire internasjonale prosjekt og vore redaktør av og medforfattar til ei rad bøker om demokratrisering i Europa etter kommunismen braut saman. Aarebrot forska innan felta nye demokrati og demokratisering, valanalyse og metodikk, europeisk integrasjon og forskingsformidling, men var i Noreg kanskje mest kjend som politisk mediekomentator og valekspert.

                                     

1. Akademisk karriere

Frank Aarebrot var vitskapleg assistent for Stein Rokkan. Etter å ha vore stipendiat ved Yale University 1969-1970 og forskingsmedarbeidar ved Historical Archives ved ICPSR ved University of Michigan i 1973, vart Aarebrot i 1976 Cand.polit. med hovudfag i samanliknende politikk. Frå 1977 var ham tilsett ved Institutt for samanliknende politikk ved Universitetet i Bergen. Her femna hans faglege arbeid om forsking knytt til europeisk politisk utvikling, demokratisering og europeisk integrasjon, undervising innan desse emna og, ikkje minst, formidling. Aarebrot si forsking om demokratisering og valanalyse var dessutan både i teori og praksis knytt til internasjonal valobservasjon, i sær gjennom den sentrale rolla Aarebrot spela i utdanning av norske valobservatørar for internasjonale observasjonsoppdrag.

I 2006 kom Aarebrot ut som den nest mest siterte forskaren i norsk media, i følgje ei undersøking bestilt av Morgenbladet.

                                     

2. Amputasjonen og Team Antonsen

Aarebrot måtte amputera eine beinet, etter ein skjelettinfeksjon han fekk medan han var valobservatør under presidentvalet i Romania i 1990.

I samråd med sosiologen Harald Eia synleggjorde Aarebrot Pierre Bourdieu sin kritikk av fjernsynet som medium, gjennom eit sprell i NRK-programmet Team Antonsen. Aarebrot og Bård Tufte Johansen førte ei samtala om at Bourdieu hevdar fjernsynet er eit distraksjonsorgan og ikkje eit informasjonsorgan, medan Kristopher Schau sleikte dip frå beinstumpen til Aarebrot. Dette skulle illustrera Bourdieu sine tankar, med di sjåarane venteleg ikkje hugsar noko slag av samtala, men berre at Schau sleikte dip frå den amputerte Aarebrot.

                                     

3. Bibliografi

  • Frank Aarebrot og Pål Bakka:" Die Vergleichende Methode in der Politikwissenschaft" i Dirk Berg-Schlosser og Ferdinand Müller-Rommel red.: Vergleichende Politikwissenschaft, 4. utgåve, 2006
  • Sten Berglund, Joakim Ekman og Frank Aarebrot red.: The Handbook of political change in Eastern Europe 2. utgåve 2004
  • Frank Aarebrot og Terje Knutsen: Politics and Citizenship on the Eastern Baltic Seaboard. The structuring of Democratic Politics from North-West Russia to Poland 2000
  • Sten Berglund, Frank Aarebrot, Henri Vogt og Georgi Karasimeonov: Challenges to democracy: Eastern Europe ten years after the collapse of communism 2001
  • Sten Berglund og Frank Aarebrot: The Political History of Eastern Europe in the 20th Century. The Struggle Between Dictatorship and Democracy 1997
  • Joakim Ekman, Henri Vogt, Frank Aarebrot og Sten Berglund: The Making Of The European Union: Foundations, Institutions and Future Trends 2006