Топ-100
Back

ⓘ Anna Herland. Anna Sofie Herland vart landskjend då ho i 1955 vart vald til ordførar i Solund. Midt i husmortiåret var det ein sensasjon. Berre Utsira og Lilleh ..




                                     

ⓘ Anna Herland

Anna Sofie Herland vart landskjend då ho i 1955 vart vald til ordførar i Solund. Midt i husmortiåret var det ein sensasjon. Berre Utsira og Lillehammer hadde hatt kvinneleg ordførar før. I Sogn og Fjordane var ho den aller fyrste.

                                     

1. Bakgrunn

Herland voks opp som den eldste av 10 sysken på Geitarøy ved Kolgrov i Ytre Solund. Utdanninga hennar var sju års folkeskule, men livet gav henne ein allsidig praksis. Under krigen var ho mellom anna med og løynde flyktningar. Ho gifta seg med Oskar Herland og flytte til Indrevær, som ligg heilt ute mot storhavet. Som islands- og grønlandsfiskar var mannen borte store delar av året, så Anna var mykje åleine med tre born og ansvaret for hus og heim. I Indrevær var det ikkje telefon, og Solund hadde verken elektrisitet eller veg.

                                     

2. Politisk arbeid

Anna Herland stod på Venstrelista og vart som einaste kvinne innvald i Solund kommunestyre i 1955. Same året vart ho vald som ordførar. Ho var ei kvinne frå "grasrota", utan politisk røynsle. Men Anna hadde gode evner, talegåver, humoristisk sans og ikkje minst god arbeidslyst. Ordførarvervet var ubetalt, men Anna tok også på seg sekretærjobben i kommunen og tente såleis 5000 kroner i året. Som fyrste og einaste kvinne var ho også medlem av fylkestinget 1956-59. Der vart ho motteken som ei dronning, seier soga, og hausta både velvilje og ekstra kroner til Solund. Ho var vararepresentant på Stortinget i 1958-65.

                                     

3. The Norwegian Lady

Anna Herland deltok på fleire nasjonale hendingar. I 1962 vart ho vald til å representera alle norske kvinner og avduka statuen "The Norwegian Lady" i Virginia Beach, USA saman med Erik Bye. Støtta er laga av Ørnulf Bast.

                                     

4. Kjelder

  • Steinsund, Hans H. 2001 Anna Herland - første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Anna Herland - Vår fyrste kvinnelege ordførar, Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane
  • Anna Sofie Herland, Fylkesleksikonet, NRK Sogn og Fjordane