Топ-100
Back

ⓘ Samuel Bergset voks opp i bygda Fjelli i Stryn, i indre Nordfjord, som son av Kristen Bergset f. Bjørnereim i Breim 25.05.1843 og Johanne Bergset f. Lillestøl, ..




                                     

ⓘ Samuel Bergset

Samuel Bergset voks opp i bygda Fjelli i Stryn, i indre Nordfjord, som son av Kristen Bergset f. Bjørnereim i Breim 25.05.1843 og Johanne Bergset f. Lillestøl, 22.04.1852 i Hornindal. Samuel Bergset var nummer 7 av 9 sysken.

I 1910 gifta Samuel Bergset seg med Karoline Bergset. Ekteparet budde på Blaksæter i Stryn. Samuel Bergset dreiv som skreddar og bureisar på Roset i Blaksetbygda.

                                     

1. Opplæring/tradisjon

Samuel Bergset byrja å spele vanleg fele, men skifta til hardingfele rundt 1915.

Like eins med Jon Rosenlid kom Samuel Bergset i ung alder i lære hjå den aldrande og legendariske storspelemannen Magne Maurset 1824–1916. Men Samuel Bergset lærte fyrst av faren, som var frå Breim. Allereie som 14-åring var Samuel i lære hjå Gabriel Reed. Seinare gjekk han i lære hjå Anders Reed. Bergset hadde og tradisjon frå Jon Rosenlid, som han spelte mykje saman med.

Samuel Bergset var med og skipa spelemannslaget Fjelljom, og ein periode var han leiar her.

Han var svært etterspurd som dansespelemann, og visstnok var han spelemann i over 300 bryllaup.

                                     

2. Musikalsk ettermæle

Samuel Bergset er ei viktig kjelde for Arne M. Sølvberg. I 1996 sleppte Sølvberg plata Nordfjordslåttar – i tradisjon etter Jon Rosenlid og Samuel Bergset Grappa Musikkforlag, 1996

                                     

3. Bakgrunnsstoff

  • Artikkel frå Universitetet i Oslo/Institutt for musikkvitskap
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin utøvardatabase.
  • Kjelda nr 3 / 2004
  • CD-heftet til Arne M. Sølvberg si utgjeving Nordfjordslåttar – i tradisjon etter Jon Rosenlid og Samuel Bergset Grappa Musikkforlag, 1996
  • Lydopptak av Samuel Bergset kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.