Топ-100
Back

ⓘ Hans Svarstad. Hans Paulson Svarstad var ein norsk lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune. Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok ..




Hans Svarstad
                                     

ⓘ Hans Svarstad

Hans Paulson Svarstad var ein norsk lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune.

Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok Svarstad eksamen frå Volda lærarskule i 1907. Han fekk same året arbeid på folkehøgskulen Framnes, der han vart verande i 30 år. I 1931 vart han styrar for Framnes mellomskule, ei stilling han hadde til 1943.

Svarstad representerte Kristeleg Folkeparti og Hordaland på Stortinget frå 1937 til 1953.

Han gav ut forteljingane Ættararv i 1929 og Frå Bøgrendi året etter. I 1925 gav han i samarbeid med H. Høeg ut Lesebok for norsk ungdom.

Han fekk både Kongens fortenestemedalje i gull og Klostermedaljen.

Svarstad er gravlagd på Vikøy kyrkjegard.

                                     

1. Bibliografi

Bøker

  • 1925 – Lesebok for norsk ungdom Bergen: Lunde I fulltekst ved nb.no
                                     

2. Kjelder

  • Gravminner i Norge
  • Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1965
  • Om Hans Svarstad i Allkunne
  • Ord gjennom år: dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986: med bibliografi: ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag, 1990