Топ-100
Back

ⓘ Vidar Underseth. Vidar Henning Underseth er ein norsk spelemann og folkedansar frå Solund i Sogn og Fjordane. Underseth spelar fele og hardingfele, og har vunne ..




                                     

ⓘ Vidar Underseth

Vidar Henning Underseth er ein norsk spelemann og folkedansar frå Solund i Sogn og Fjordane. Underseth spelar fele og hardingfele, og har vunne Landskappleiken i pardans i 1989, 1991 og 1994. Alle tre gongane hadde han Hilde Bjørkum som dansepartnar. I 1989 mottok Underseth og Bjørkum kongepokal i dans på landskappleiken.

Vidar Underseth er oppvaksen i Tangenes i Solund i Ytre Sogn, og tok til å spele fele då han var 15-16 år gamal. Seinare gjekk han i lære hjå jølstringen Sigmund Eikås. Underseth er busett i Ålesund, og arbeider 50 % som hardingfelelærar i Ålesund kommune, og 50 % i Sogn og Fjordane fylkeskommune si fylkesmusikarordning. I 2006 ga han ut Mine første feleslåttar, eit læreverk på DVD for fele og hardingfele.

Underseth er musikalsk leiar i hardingfelegruppa i spelemannslaget UL Ivar Aasen i Ålesund.