Топ-100
Back

ⓘ Sverre L. Mo. Sverre Larsson Mo var ein norsk bilmann og politikar frå Kvam i Hordaland. Han representerte Hordaland og Kristeleg Folkeparti på Stortinget i fir ..




                                     

ⓘ Sverre L. Mo

Sverre Larsson Mo var ein norsk bilmann og politikar frå Kvam i Hordaland. Han representerte Hordaland og Kristeleg Folkeparti på Stortinget i fire periodar frå 1965.

Mo var son til ein gardbrukar på garden med same namn i dåverande Vikøy sokn. Sjølv starta han opp ei bilrute, Bilgodsruten Hardanger-Bergen, i 1934. Dette firmaet eigde og dreiv han fram til 1978. Frå 1946 eigde han òg bilverkstaden Mo Auto, eit firma som i 1968 opna verkstad også i Kvinnherad. Fire år seinare selde han frå seg Mo Auto.

Mo var med i kommunestyret i Kvam 1948-55 og 1960-73. Mest heile tida var han med i formannskapet.

På Stortinget var Mo medlem av Justiskomitéen frå 1965 til -69. Sidan var han medlem av Samferdslekomitéen til han forlet Stortinget i 1981, på same tid som han også var med i Fullmaktskomitéen. Han var medlem av Valkomitéen 1965-69 og 1973-77.