Топ-100
Back

ⓘ Odd Helge Brugrand er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høg ..




Odd Helge Brugrand
                                     

ⓘ Odd Helge Brugrand

Odd Helge Brugrand er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høgskolen i Bodø. Han har også studert statsvitskap ved Høgskolen i Østfold og historie ved Universitetet i Agder.

Han starta i lokalavisa Sogn Avis i 1997 og har jobba i Adresseavisen, VG og Aftenposten. Frå 2004 jobba Brugrand som utanriksreportar i Baltikum med ansvar for store delar av Aust-Europa for norske, svenske og danske media. Han var då busett i Tallinn, Estland. Frå mai 2016 har Odd Helge Brugrand jobba i NRK Sogn og Fjordane.

Sidan 2010 har Brugrand også skrive bøker. Debutboka var "16 år og Hitlers soldat" og i desember 2010 innleia han samarbeid med Lasse Tur og pilot Oddmar Stenhaug om flyfoto-bokserien Sett frå oven. Han har vore skodespelar i russisk TV-film og delteke framfor kamera i fleire norske og internasjonale dokumentarprogram, mellom anna i produksjonar for Discovery Channel og ARTE.

                                     

1. Bibliografi

Bøker

  • 2010 – 16 år og Hitlers soldat: historien om Ivar Skarlo, en norsk soldat på Østfronten Oslo: Kagge forlag. ISBN 978-82-489-0963-7
  • 2010 – Oslo sett fra oven: en luftig ferd over hovedstaden Nesøya: Mapaid. ISBN 978-82-998346-0-5