Топ-100
Back

ⓘ Olav J. Bjørgum. Olav Josefsson Bjørgum var ein norsk gardbrukar, bankleiar og politikar frå Voss i Hordaland. Han var medlem av Bondepartiet, stortingsmann 192 ..




                                     

ⓘ Olav J. Bjørgum

Olav Josefsson Bjørgum var ein norsk gardbrukar, bankleiar og politikar frå Voss i Hordaland. Han var medlem av Bondepartiet, stortingsmann 1922-27.

Bjørgum gjekk amtsskulen i Utne, folkehøgskule i Sogndal og Hambros skole i Bergen. si tid tok han over farsgarden, og dreiv denne jamsides fleire framståande tillitsyrke. Han var styreformann "direktør" i Voss Veksel- og landmandsbank 1899-1909, i Voss Sparebank 1920-42 og i Vestlandske Salslag 1920-46. Elles var han 1910-24 medlem i landsstyret for Norges Bondelag og 1930-45 formann i Hordaland Landbruksselskap.

Bjørgum var medlem av heradsstyret i Voss frå 1890, ordførar 1894-1907. Ved stortingsvalet hausten 1921 vart han vald til stortingsrepresentant for det nyss skipa Bondepartiet, og var medlem av Stortinget i to treårsbolkar, 1922-27.