Топ-100
Back

ⓘ Johanne Samueline Pedersen var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, som sat to periodar på Stortinget. Pedersen vart fødd i Innvik i Sogn og Fjordane, som d ..




                                     

ⓘ Johanne Samueline Pedersen

Johanne Samueline Pedersen var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, som sat to periodar på Stortinget.

Pedersen vart fødd i Innvik i Sogn og Fjordane, som dotter av gardbrukarane Garbrand og Dorthea Teigen. Etter å ha halde til åra 1905–1907 i USA, flytta ho til Oslo og utdanna seg ved Jordmorskolen. Etter å ha vorte ferdig med utdanninga i 1911 arbeidde ho først som distriktsjordmor i Brandval i Hedmark fram til 1915, før ho drog til Minneapolis og arbeidde eitt år som jordmor og sjukepleiar der. Tilbake i Noreg arbeidde ho to år som jordmor i Løten før ho i 1918 tok opp att arbeidet i Brandval.

Etterkvart tok Pedersen opp fleire leiarverv; blant anna vart ho i 1930 formann for Lundeseter arbeiderlag, i 1932 for Skulestyret i Brandval og for Fattigstyret i same kommune, i 1937 for Arbeiderkvinnelaget, og i 1947 for Den norske jordmorforening. Samstundes engasjerte ho seg i Brandval kommunestyre, der ho først vart vald inn i 1934. Ved stortingsvalet i 1937 stilte ho som tredje vararepresentant for Hedmark utan å koma inn, men ved stortingsvalet i 1945 vart ho vald inn. På Stortinget sat ho først fire år i Helsekomiteen, og deretter fire år i Administrasjonskomiteen.