Топ-100
Back

ⓘ Liv Aasen var ein norsk lærar og politikar for Ap. Ho var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag 1969–1989. Liv Aasen var fødd i Bergen. Etter studentereksamen ..




                                     

ⓘ Liv Aasen

Liv Aasen var ein norsk lærar og politikar for Ap. Ho var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag 1969–1989.

Liv Aasen var fødd i Bergen. Etter studentereksamen i 1947 og engelskkurs ved University of Cambridge i 1948 tok ho eksamen ved lærarskulen i 1950 og Staten sin lærerinneskole i husstell året etter. Aasen var lærer i folkeskolen i Fana, Kongsberg og Trondheim 1951–1969. I 1960-åra budde ho periodevis utanlands, og var lærer og rektor ved Nordisk folkehøgskole i Genève og frilansskribent i Wien.

Aasen byrja sin politiske karrière som tillitsvald i Arbeidaranes Ungdomsfylking, og sat som nestformann og sekretær i AUF i Buskerud 1953–1956, medlem av landssstyret 1958–1961 og formann i Trondheim AUL 1959–1960. Ho var medlem av Arbeidarpartiets internasjonale utval 1970–1989 og varamedlem av sentralstyret 1977–1987. Før ho vart innvald på Stortinget, var Aasen medlem av Kongsberg bystyre 1956–1959 og Trondheim bystyre 1960–1963.

                                     

1. Stortinget sitt presidentskap

  • 9. oktober 1973 – 30. september 1977 Varasekretær i Stortinget
  • 8. oktober 1981 – 30. september 1985 Varasekretær i Lagtinget
  • 9. oktober 1985 – 30. september 1989 Første varapresident i Lagtinget
                                     

2. Stortingskomitear

  • 1981–1985 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1977–1981 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1985–1989 medlem i Valkomitéen
  • 1985–1989 nestleiar i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1985–1989 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1969–1973 medlem i Samferdselskomitéen
  • 1985–1989 nestleiar i Utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1981–1985 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1981–1985 varamedlem i Valkomitéen
  • 1973–1977 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
  • 1977–1981 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1985–1989 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen