Топ-100
Back

ⓘ Torkel Lillefosse. Torkel Knutsson Lillefosse var ein norsk botanikar frå Strandebarm i Hordaland. Lillefosse var son til ein plassemann på Litle-Fosse og dreiv ..




                                     

ⓘ Torkel Lillefosse

Torkel Knutsson Lillefosse var ein norsk botanikar frå Strandebarm i Hordaland.

Lillefosse var son til ein plassemann på Litle-Fosse og dreiv sjølv husmannsplassen som nygift i 1900. Han var elles treskjerar. Nokre år seinare busette han seg i kyrkjebygda i Strandebarm og var gartnar, kalla "Kumunegartner" i folketeljinga 1910.

I årevis dreiv han og samla inn plantar i Hordaland og Sogn og Fjordane, plantesamlingar som skal vere dei største og mest allsidige frå desse fylka. Samlingane er i dag fordelt på dei botaniske musea i Bergen og Oslo.

Frå 1921 var Lillefosse statsstipendiat og arbeidde sidan på heiltid med å granske floraen i Vest-Noreg. Han skreiv Strandebarms flora, eit arbeid om vegetasjonen i heimbygda som vart prenta i 1940.

                                     

1. Kjelder

  • Næss, Anders 1947. Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid. Bygdejol forl. 1997. s. 80. ISBN 8291520046.
  • Jens Holmboe. "Torkel Knutsen Lillefosse". Norsk biografisk leksikon. Første utgave. Bind 8. 1938
  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957