Топ-100
Back

ⓘ Jon Jonsen Hyenes var ein norsk klokkar, kyrkjesongar og lærar. Han var frå Hyen i Gloppen kommune. Hyenes var lærar i den første fastskulekrinsen i Gloppen. Jo ..




                                     

ⓘ Jon Jonsen Hyenes

Jon Jonsen Hyenes var ein norsk klokkar, kyrkjesongar og lærar. Han var frå Hyen i Gloppen kommune. Hyenes var lærar i den første fastskulekrinsen i Gloppen. Jon Hyenes var haugianar og Hans Nielsen Hauge vitja veneflokken sin i Gloppen minst to gonger kring 1800.

Hyenes som på folkemunne gjekk undet namnet Skule-Jo, kom opp i ein hard konflikt med sokneprest Jørgen Meier Heffermehl. Krinsen kring Skule-Jo var konservativ, og klaga presten Heffermehl inn for biskopen for måten han skjøtta gjerninga si på. Dei ville heller ikkje ha han som ordførar, og arbeidde aktivt for å hindre at han skulle halde fram som stortingsmann. Ved valmannsvalet i 1850 fekk Skule-Jo 130 røyster, medan Heffermehl berre fekk tre. Heffermehl svor hemn for nederlaget: Han skulda kyrkjesongaren Skule-Jo for dårleg framferd i tenesta, og fekk han avsett i 1850. Bygdefolket vart så arge at lensmannen ei tid var redd for "den offentlige sikkerhed". 50 mann kom ihop og fekk sakførar til å formulere krav om at Heffermehl vart avsett. Presten på si side hemna seg mot aksjonistane ved å nekte dei nattverd og barnedåp, og gjekk i 1851 like godt til motklage på både Skule-Jo og heile prestegjeldet. Heffermehl fekk fri sakførsel av regjeringa, medan Skule-Jo måtte koste saka sjølv. Saka gjekk heilt til Høgsterett. Skule-Jo vart avsett, og vart ruinert ved utpanting. Heffermehl fekk øydelagt si politiske karriere på striden. Anders Lothe har skildra hendinga i boka Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo.