Топ-100
Back

ⓘ Ivar Norevik. Ivar Jakobsson Norevik var ein norsk industriarbeidar og stortingsrepresentant frå dåverande Lavik herad i Sogn, og som representerte Arbeidarpart ..




                                     

ⓘ Ivar Norevik

Ivar Jakobsson Norevik var ein norsk industriarbeidar og stortingsrepresentant frå dåverande Lavik herad i Sogn, og som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til han døydde.

Norevik var son til ein gardbrukar. Sjølv var han industriarbeider ved smelteverket Norsk Aluminium Co. i Høyanger frå 1918 til han vart vald inn på Stortinget hausten 1945. Frå 1920-åra engasjerte han seg i fagrørsla og for Arbeidarpartiet og fekk fleire tillitsverv. Han var si tid med i hovustyret for Norsk Kjemisk.

Norevik vart vald frå valkrinsen Sogn og Fjordane i 1945 og attvald ved dei neste to stortingsvala. Valbolken 1945-49 var han medlem i Helsekomiteen. Frå 1950 hadde han plass i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.

Då Norevik døydde i mars 1956, rykte Edvard Solheim inn på Stortinget.