Топ-100
Back

ⓘ John Austrheim. John Andersson Austrheim var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gloppen i Nordfjord. Han var 1967-73 formann i Senterpartiet, og 1972-73 samf ..




                                     

ⓘ John Austrheim

John Andersson Austrheim var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gloppen i Nordfjord. Han var 1967-73 formann i Senterpartiet, og 1972-73 samferdsleminister i Korvald-regjeringa.

Austrheim var odelsgut til eitt av bruka på matrikkelgarden Austrheim vest for Sandane, kommunesenteret i Gloppen. Skuleåret 1932/33 gjekk han Nordfjord ungdomsskule, før han si tid tok over farsgarden på Austrheim.

I 1945 vart Austrheim medlem av kommunestyret i Gloppen kommune, eit verv han hadde til 1951. Ved kommunevalet 1955 kom han innatt i kommunestyret, og vart vald til ordførar. Han var ordførar frå 1956 til 1962.

Hausten 1961 fekk Austrheim stortings-plass frå Sogn og Fjordane, vald for Senterpartiet. I sine 16 år som tingmann var han 1961-65 medlem i Sosialkomiteen, 1965-69 i Kommunalkomiteen, 1969-71 i Utanrikskomiteen, sesjonen 1971/72 på ny i Sosialkomiteen, og 1973-77 i Industrikomiteen.

Då mangeårig Senterparti-formann, og dåverande statsminister Per Borten, i 1967 sa nei til å halde fram som partiformann, vart Austrheim vald til ny formann i Senterpartiet. I perioden frå oktober 1969 til mars 1971 var han også parlamentarisk leiar i Senterpartiet.

Då Lars Korvald skipa regjering i oktober 1972, fekk Austrheim posten som samferdsleminister, ein post han hadde til Korvald-regjeringa gjekk av i oktober 1973. Ved landsmøtet i Senterpartiet i 1973 overlet Austrheim formannsvervet til Dagfinn Vårvik.