Топ-100
Back

ⓘ Hans Ommedal. Hans Karolus Olsson Ommedal var ein lærar og klokkar frå Hyen i Nordfjord, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti. Ommedal var son til ein ..




                                     

ⓘ Hans Ommedal

Hans Karolus Olsson Ommedal var ein lærar og klokkar frå Hyen i Nordfjord, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.

Ommedal var son til ein gardbrukar. Skulevinteren 1919/20 gjekk han ein kristenorientert folkehøgskule, og tok deretter eksamen ved Volda lærarskule i 1923. Han var så lærar ei kort tid i Gulen, og så i Lygra krins i Lindås. Frå 1927 til 1946 var han lærar i Alversund i Nordhordland. I Alversund var han medlem i formannskapet 1934-40 og ordførar 1945-46. I 1946 flytta han til Gloppen og var lærar i Vereide krins og klokkar i Vereide kyrkje. Han vart så skuleinspektør skulesjef i Gloppen i 1953, ei stilling han hadde til 1969. Klokkar var han til 1974.

Ved stortingsvalet 1953 vart Ommedal vald til å representere Sogn og Fjordane på Stortinget. Han høyrde til den konservative fløya i Kristeleg Folkeparti. Han vart attvald i 1957 og 1961, og sat såleis på Stortinget til 1965, heile tida som medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.