Топ-100
Back

ⓘ Anfin Øen var ein norsk lensmann og politikar frå Hyllestad i Sogn. Han representerte Bondepartiet på Stortinget i tida 1922-30. Øen var son til ein gardbrukar. ..




                                     

ⓘ Anfin Øen

Anfin Øen var ein norsk lensmann og politikar frå Hyllestad i Sogn. Han representerte Bondepartiet på Stortinget i tida 1922-30.

Øen var son til ein gardbrukar. Han gjekk åra 1887-89 på landbruksskulen for Nordre Bergenhus. Deretter var han eitt år kontorist på amtskontoret i Nordre Bergenhus, fullmektig same staden i tida frå 1890 til -97. Sidan var han lensmann i Vik i Sogn frå 1897 til han døydde. Jamsides var han frå 1899 styreleiar i Vik Sparebank, også det ei stilling han hadde til 1928. Øen var elles styreformann i Gaula Kraftselskap, i fylkeslandbruksselskapet og 1911-18 i Sogns kommunikasjonskomite. I 1919 vart han utnemnd til formann i den statlege Jordkommisjonen av 1919.

Frå 1900 til 1925 var Øen med i heradsstyret for Vik. Han var varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Ytre Sogn i periodane 1906-09 og 1913-15. Med omlegginga til fylkesvalkrinsar fekk han seg stortingsplass ved vala i 1921, -24 og -27. Han var då Bondepartiet sin fyrstekandidat i Sogn og Fjordane, og sat som medlem i Konstitusjonskomiteen i perioden 1922-24. Sidan var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen frå 1925. I januar 1928 vart han vald til formann i komiteen, men døydde få veker etter.