Топ-100
Back

ⓘ Christian Koren Wiberg, fullt namn Johan Christian Koren Wiberg, var ein biletkunstnar, forfattar, arkeolog, kulturhistorikar og museumsmann i Bergen. Han har v ..




                                     

ⓘ Christian Koren Wiberg

Christian Koren Wiberg, fullt namn Johan Christian Koren Wiberg, var ein biletkunstnar, forfattar, arkeolog, kulturhistorikar og museumsmann i Bergen. Han har vore leiar av to av dei viktigaste kulturinstitusjonane i byen, Det Hanseatiske Museum og Bergens Kunsthåndverkskole, som han sjølv hadde skipa. I 1953 fekk han ein offentleg plass i Bergen oppkalla etter seg, Koren Wibergs plass, som tidlegare heitte Øvregatens allmenning.

Christian Koren Wiberg stod for arkeologiske utgravingar og dreiv kulturhistorisk forsking. I åra 1900–1921 gjennomførte han arkeologiske utgravingar på Bryggen i Bergen, der han avdekka leivningane av Peterskyrkja, og han fann òg vinkjellaren under det eldste rådhuset i byen. Kunnskapane sine om lokalhistoria gjorde han levande i sitt skjønnlitterære forfattarskap. I romanane Janicke Woltmann, Jomfru Pegelau og Thomas Ferdinand Sohlreder er dagleglivet i Bergen på 1700–talet skildra. Dessutan skreiv han skodespelet Clamer Eberhard, som vart synt på Den Nationale Scene i 1913.

                                     

1. Litteratur

  • Koren Wiberg, C.; Det tyske Kontor i Bergen: Tegninger med Beskrivelse, Bergen 1899
  • Koren Wiberg, C.; Bergensk kulturhistorie, Bergen 1921
  • Koren Wiberg, C.; Bidrag til Bergens kulturhistorie, Bergen 1908