Топ-100
Back

ⓘ Gerhard M. Gerhardsen. Gerhard Meidell Gerhardsen var ein norsk gardbrukar, lensmann og politikar frå Kvinnherad. Han var stortingsmann for Høgre i periodane 18 ..




                                     

ⓘ Gerhard M. Gerhardsen

Gerhard Meidell Gerhardsen var ein norsk gardbrukar, lensmann og politikar frå Kvinnherad. Han var stortingsmann for Høgre i periodane 1892-97 og 1903-12.

Gerhardsen var son til ein gardbrukar. Han var ei kort tid skulelærar, og fekk i 1866 arbeid på kontoret til futen i Sunnhordland. Frå 1872 var han lensmann i Finnås, og gardbrukar på Teigland. Han var medlem i heradsstyret frå 1874 og styreformann i Moster Sparebank frå 1876 til 1907.

Gerhardsen var valmann i lang tid. Han representerte Søndre Bergenhus amt 1892-97 og 1903-06, alle sesjonane, unnateke 1904/05 medlem i Gasje- og pensjonskomiteen, då medlem i Kyrkjekomiteen. Frå 1906 til-12 var Gerhardsen vald frå einmannskrinsen Ytre Sunnhordland, han var då med i Kyrkjekomiteen, sekretær 1908-09 og formann 1910-12. Han var dessutan lagtingsmedlem frå 1903 til -12.

Han døydde i Kristiania, på tampen av 1912-sesjonen.