Топ-100
Back

ⓘ Isak L. Flatabø. Isak Larsson Flatabø var ein norsk gardbrukar og politikar frå Kvam i Hordaland, stortingsrepresentant frå Hordaland og for Arbeidarpartiet i t ..




                                     

ⓘ Isak L. Flatabø

Isak Larsson Flatabø var ein norsk gardbrukar og politikar frå Kvam i Hordaland, stortingsrepresentant frå Hordaland og for Arbeidarpartiet i tida 1945-65.

Flatabø var son til ein gardbrukar og bygdeslaktar. Sjølv var han anleggsarbeidar fram til 1923, då han som odelsgut tok over farsgarden på Flatabø. I 1945 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet på Stortinget, og vart seinare attvald fire gongar. Han var i den fyrste fireårsbolken medlem i Skog- og vassdragskomiteen, frå 1950 var han medlem i Samferdslekomiteen til han forlet Stortinget i 1965.

Flatabø var aktiv i organisasjonslivet i Kvam. Han var frå 1912 ombudsmann i Losje "Trygd" av IOGT i 33 år, formann 1918-31 i Kvam arbeidar- og småbrukarlag, styremedlem 1920-28 i Soldal og Skåre Ungdomslag og ei tid formann i Kvam lokallag av Norsk Arbeidsmandsforbund. Frå 1927 til -40 var Flatabø medlem i heradsstyret i Kvam. Han var formann 1938-40 i arbeidsløysenemnda i Kvam og 1938-45 medlem i Kvam jordstyre.

Flatabø var medlem i Lakselovkomiteen av 1948 og i Boligbankkommisjonen av 1962.