Топ-100
Back

ⓘ Johannes Lofthus. Johannes Larsson Lofthus var ein norsk landbruksskulemann frå Øystese i Hordaland. Lofthus tok eksamen ved landbruksskule i 1904 og studerte s ..




                                     

ⓘ Johannes Lofthus

Johannes Larsson Lofthus var ein norsk landbruksskulemann frå Øystese i Hordaland.

Lofthus tok eksamen ved landbruksskule i 1904 og studerte så ved Noregs Landbrukshøgskule til 1904. Etter eksamen på Ås var han 1905-07 lærar på Telemark folkehøgskule og 1907-18 på Stend jordbruksskule i Fana herad. Åra 1918-24 var han styrar av Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule og 1924-35 i same stilling ved Troms fylkes landbruksskule. Til sist var han styrar av Stend jordbruksskule til 1950.

Lofthus hadde tillitsverv i både landbrukslag, høgskulelag, byggjenemnder og han var medlem av ulike heradsstyre som representant for Bondepartiet. Han var aktiv skribent og gav mellom anna ut Vestlandske Mjølkesentral gjennom 25 år i 1956.