Топ-100
Back

ⓘ Elin Madsen er ein norsk journalist og redaktør. Ho har mellom anan vore nettredaktør i BA og avisa Hordaland. Elin Madsen kjem frå Bømlo. Ho er utdanna ved Uni ..




                                     

ⓘ Elin Madsen

Elin Madsen er ein norsk journalist og redaktør. Ho har mellom anan vore nettredaktør i BA og avisa Hordaland.

Elin Madsen kjem frå Bømlo. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen, og har graden Cand.mag. med faga samfunnskunnskap, massekommunikasjon og medievitskap, visuell kommunikasjon og litteraturvitskap mellomfag.

Madsen hadde sin fyrste journalistjobb i Bømlo-nytt, før ho vart tilsett i Sør-Varanger Avis 1983-1987 i Kirkenes. Ho var tilsett i BA Bergensavisen som journalist frå 1991, og nettredaktør i perioden 2005-2009. Madsen har også jobba i Bergens Tidende og NRK. Ho vart tilsett som ansvarleg redaktør i lokalavisa Hordaland på Voss i 2013.