Топ-100
Back

ⓘ Jan Nik. Hansen. Jan Nikolai Hansen er ein norsk journalist. Han er frå Sandane i Gloppen kommune. Hansen er journalist i Firda Tidend og vikarierte som redaktø ..




                                     

ⓘ Jan Nik. Hansen

Jan Nikolai Hansen er ein norsk journalist. Han er frå Sandane i Gloppen kommune. Hansen er journalist i Firda Tidend og vikarierte som redaktør for Bjørn Grov frå 1996 til 1997.

I 2006 gav Hansen ut boka Dagens tur – året rundt, ei samling frå ein artikkelserie han hadde i Firda Tidend, der han rapporterte frå fotturar til ulike turmål i Gloppen kommune. Han er ein aktiv flygar i Sandane Flyklubb, og boka inneheld også ei rekke flyfoto som han sjølv har teke.

                                     

1. Bibliografi

Bøker

  • 2006 – Dagens tur - året rundt: fotturar i Gloppen Sandane: J.N.Hansen. ISBN 978-82-303-0714-4
  • 2009 – 17 turområde i Jølster: bygda under breen Skei: Jølster kommune