Топ-100
Back

ⓘ Ragnvald Fagerheim. Ragnvald Olson Fagerheim var ein norsk lærar, lokalhistorikar og Venstre-politikar. Han var frå Rivedal og busett i Dale i Fjaler kommune. F ..




Ragnvald Fagerheim
                                     

ⓘ Ragnvald Fagerheim

Ragnvald Olson Fagerheim var ein norsk lærar, lokalhistorikar og Venstre-politikar. Han var frå Rivedal og busett i Dale i Fjaler kommune. Fagerheim tok eksamen frå Elverum lærerskole 1903, og var lærar m.a. ved Dingemoen skule i Dale frå 1921. Han underviste i nynorsk i skulane før kommunestyret hadde gjort formelt vedtak om nynorskbruk.

Fagerheim var medlem av kommunestyret frå 1914, skulestyreformann 1917-1934 og ordførar 1935-1940 og 1945-1947.

Han var forfattar av bygdeboka for Fjaler, og artikkelsamlinga "Fjaler gjennom 1000 år" utgj. 1977. Ragnvald Fagerheim var far til Oddleif Fagerheim og Magne Fagerheim. Han var den siste som dreiv lærargarden på Vollen, og borna hans har sett opp ein minnestein over faren på tunet i Klokkargarden.

                                     

1. Bibliografi

Bøker

  • 1976 – Fjaler: gards- og ættesoge. Bind 1. Holmedal sokn Dale: Fjaler sogelag I fulltekst ved nb.no
  • 1955? – Fjaler: heradet og næringsvegane: industrimessa i Dale 1955 Førde: Øens prenteverk